Fasteaksjonen 2026


TUSEN TAKK for stor gjevarglede til årets Fasteaksjon, og til alle konfirmantane som bidrog i aksjonen. Samla for våre 3 sokn kom det inn kr 65 826,- noko som tilsvarar varig tilgang til reint vatn for ca 220 menneske.

Kampen for rettferd har vore heilt sentral i det å vere kyrkje - det er ein del av kyrkja si diakonale oppgåve. Kirkens Nødhjelp sitt arbeid ute i verda er òg menigheita si globale diakoni. Me står i ein global samanheng, og eit kyrkjeleg fellesskap over heile kloden. Det er over 3000 vers i Bibelen som handlar om fattigdom og rettferd. Gjennom Fasteaksjonen bidreg me år etter år til meir rettferd i verda. Me gjer menneska i våre lokalsamfunn moglegheit til å hjelpa. Og ikkje minst skapar me håp; hos oss sjølve og hos dei som er i naud.

TAKK FOR AT DU STØTTAR FASTEAKSJONEN 2026:-) Vipps til 2426. Pengane som blir samla inn, går til Kirkens Nødhjelps arbeid over heile verda.

Konfirmantane samlar inn til Kirkens nødhjelp i perioden 22. - 24. mars. Opplegget for øyane ser slik ut:

Fredag 20. mars kl 1500 – 1700 Stand ved Joker Ombo
Laurdag 21. mars kl 1200 – 1400 Stand ved Joker Ombo 
Laurdag 21. mars kl 1200 – Stand ved Joker Eriksholmen – salg av boller
Søndag 22. mars kl 1500 – 1900 Dør til døraksjon på Talgje
Måndag 23. mars kl 1700 – dør til døraksjon på Halsnøy
Tysdag 24. mars kl 1700 – dør til døraksjon på Finnøy og Fogn
Ta vel imot dei – vipps 2426

 

Det nyttar å hjelpe. Les meir om Fasteaksjonen 2026 HER.

Tilbake
Del