Hesby sokn sitt nye misjonsprosjekt blir Normisjon sitt prosjekt ved Okhaldhunga sjukehuset i Nepal for ein femårsperiode frå 1. januar 2026.
Hesby sokneråd vedtok i sitt møte 27. mai 2025 at soknet sitt nye misjonsprosjekt frå 1. januar 2026 blir Normisjon sitt arbeid for Okhaldhunga-sjukehuset i Nepal. Prosjektet har som mål å bidra til at menneske med funksjonsnedsettingar skal få verdigheit og moglegheit til å delta i samfunnet.
Sjukehuset i Okhaldhunga, aust i Nepal er godt kjent på Finnøy. Drifta og misjonshuset der bidrar til eit meir inkluderande og likeverdig samfunn for alle. Det har fått eit godt ry i distriktet særleg etter at ny fødeavdeling vart teken i bruk. Fødande har lang veg å gå. Dei får lov å koma i god tid med følgje som kan bu og stella seg sjølve både før og etter fødsel. Dette tilbodet har gjort sjukehuset vidkjend. I tillegg kan folk søkja om å få gratis operasjonar. Det har og hatt godkjenning for sjukepleiarskule, som no dessverre er nedlagd. (ref. krav frå gjeldande styresett i landet)
Dei siste fem åra har helsearbeidarar ved sjukehuset leita seg fram til folk som var gøymde vekk av familiane sine pga ulike fysiske begrensingar. Å hjelpa desse har endra heile samfunnet sitt syn på funksjonshemma. Kirurgi, rehabilitering, utdeling av enkle hjelpemiddel og opplæring i økonomi har ført til betring i livskvaliteten for mange. Korleis brødfø familien og i tillegg tena pengar på handverk og husdyrhald? Sjukehuset gjer gode bidrag til haldningsendring der funksjonshemma no blir sett på som verdifulle medlem i samfunnet.
Prosjektet er forankra til Finnøy med lokale representantar som vil bidra med informasjon om prosjektet i nokre gudstenester.
Normisjon har meir informasjon om prosjektet på nettsida (sjå her).