Corona-restriksjonar


Kyrkja i Finnøy følgjer dei nasjonale og lokale retningslinjene som er gitt for å hindra spreiing av Covid-19 viruset.

 

 

 

Bildet hentet frå Pixabay

Covid-19 viruset er framleis sterkt tilstades i landet vårt, og for Stavanger-området er smittetrykket nokså høgt. Me fekk difor nye lokale retningslinje gjeldande frå 31.12.2020 til 22.01.2021. Dei lokale retningslinjene blei bestemt vidareførde til 8. februar, med moglegheit til å letta på nokon av tiltaka undervegs. Du kan lesa den lokale forskrifta HER.  NB! Der dei lokale reglane er strengare enn dei nasjonale, går dei lokale føre.

3. januar kom det óg nye nasjonale forskrifter og retningslinjer som skulle gjelde til 18. januar. Dei nasjonale reglane vidareførast også, med nokon unntak, blant anna er det opna for at me kan ha noko aktivitet for born og unge. (NB! Me må likevel forhalda oss til dei lokale forskriftene på dette området, og der er det ikkje opna for dette endå). Korleis dei nasjonal retningslinjene påverkar oss i Den norske kyrkja kan de lese meir om HER. (NB! Me ventar på ny oppdatering av denne, 19/1-2021)

I all hovudsak tyder dette at fysiske samlinger som gudstenester og andre kyrkjelege handlinger med fysiske møtepunkt går ut inntil vidare, og me vil laga nokre digitale gudstenester.

Det er likevel lov å gjennomføra gravferder med inntil 50 personar. I nokre tilfeller kan me óg gjennomføra små enkeltsamlingar med maks 10 deltakare, til dømes dåp, vigsel, sjelesorg og innspeling til digitale gudstenester.

Ta kontakt med oss om du har spørsmål  - post.finnoy@kyrkja.no, eller ta kontakt med oss på telefon, sjå HER.

Me høyrer gjerne frå deg:-)

 

 

Tilbake