Babysong


Velkommen til babysong hausten 2020

Foto: Bo Mathisen

Kyrkja i Finnøy inviterar til babysong annan kvar torsdag kl 11.00 på Finnøy bibliotek. Datoane for hausten er 3/9, 17/9, 1/10, 15/10, 29/10, 12/11, 26/11 og 10/12. NB! Grunna nye retningslinjer for å hindra spreiing av Covid-19 vil dei planlagde treffa i november gå ut (12/11 og 26/11). Grunna auka krav til avstand ved song (2 m) avlysar med også siste gong 10. desember. Velkommen til oppstart i januar 2021. Me kjem tilbake med meir info på nyåret, når me veit meir om situasjonen med Covid-19.

Velkommen til alle med babyer 0-1 år. Dette er eit gratis trusopplæringstiltak for alle som bur i Finnøy kommunedel.

Her senkar me skuldrene og fokuserar på kvalitetstid med babyen(e) vår(e) med reglar, song og musikk. Musikk er viktig for bornets motoriske, emosjonelle og sosiale utvikling. På babysong får bornet høve til å stimulera fleire sansar. Songstunda varer 30-45 min.

Kyrkja i Finnøy følgjer gjeldande smittevernstiltak for å hindra spreiing av Covid-19 og vil difor denne hausten ha påmelding for å kunna informera dykk best mogleg om gjennomføring av kurset. For å kunna halde regelen om ein meter avstand, har me eit tak på 10 deltakare på dette kurset. Her gjeld fyrste mann til mølla, men me vil ha ei venteliste for dei gongene nokre melder forfall. Om du ønskjer å delta, send påmelding til bk623@kyrkja.no eller sms til 90914358 innan 29. august.

Vel møtt! Gler meg til å helsa på dykk:-)

 

Tilbake
Del