Open Hall


Velkomen til Open Hall! Open Hall er eit tilbod til ungdomar i alderen 13 år og oppover.

Fotball er ein av aktivitetane.

Open Hall er eit tilbod til ungdomar i alderen 13 år og oppover. Alle som går i 8. - 10. klasse får eigen invitasjon, men eldre ungdommar er sjølvsagt også hjarteleg velkomne. Tiltaket er i Finnøy Fleirbrukshall om lag annankvar fredag kl 20.00 - 23.00. Det er andakt, ballspel, biljard, bordtennis og kiosksal, forutan å vera ein treffstad der ungdommane kan sitja og snakka. 

Datoane for vinteren og våren 2024 er: 12/1, 26/1, 9/2, 23/2, 8/3, 5/4, 19/4 og 3/5.

 

Tilbake
Del