Arbeidet med å konstituera nye sokneråd i Hesby, Sjernarøy og Talgje er i gong.
Nominasjonskomitéane i Hesby, Sjernarøy og Talgje sokn er i gong med eit forslag til valliste til soknerådsval 2023. Forslag på kandidatar til sokneråda kan meldast til Finnøy kyrkjekontor ved Heidi Bø Sangedal på tlf 47010909 eller mail hs973@kyrkja.no innan 10. mars 2023. Valbare er medlemmer av Den norske kyrkja som bur i soknet, og som fyller 18 år seinast i 2023.
Listeforslag bør ha minst 40 prosent representasjon av kvart kjønn, minst 20 prosent representasjon av ungdom under 30 år og ei rimeleg geografisk spreiing.
Viss du vil stille til val eller stemme i eit sokn du ikkje har bustadadresse i, må du søkje om dette innan 31. mars. Skjema kan du få på kyrkjekontoret.
Det er òg høve for ein nomineringsgruppe på ti personar med stemmerett i soknet å levere ei liste til val av sokneråd.
Innleveringsfrist for listeforslag er fredag 31. mars 2023, kl. 12.00.
Kyrkjevalet finn stad (10.) 11. september 2023, med digital og fysisk førehandsstemming frå 10. august. Val av leke medlemmer av bispedømeråd og Kyrkjemøtet finn stad samtidig med soknerådsvalet.