Velkommen som konfirmant hos oss i Finnøy kommunedel. Me har eit opplegg som me er stolte av og som me trur at du som konfirmant vil lika. Å vera konfirmant i kyrkja er ikkje berre for deg som trur. Å vera konfirmant i kyrkja er like mykje for deg som tvilar eller berre er nysgjerrig. I konfirmasjonstida får du høve til å utforska mange viktige spørsmål saman med andre, og du får læra meir om Gud og deg sjølv.
KONFIRMASJON ER FOR ALLE
Alle er velkomne til konfirmasjonstid i kyrkja– både du som trur, tviler, er usikker, ikkje trur, ikkje har tenkt på sånt før eller er nysgjerrig.
PRAKTISK INFO
Konfirmantopplegget vårt varierer litt frå år til år, og de får meir informsjon på foreldremøtet som arrangerast før sommarferien. For god oversikt over opplegget, sjå kyrkja.com.
Lurar du på kva konfirmasjonsdatoane er for åra framover...? Som prinsipp har Hesby kyrkje (for konfirmantane på Finnøy) alltid første helg i mai (lørdag + søndag). Det året 1. mai er på ein sundag blir det 30. april og 1. mai. For dei andre øyane varierar det mellom same helg, helga før eller helga etter, og ein blir einige om kva datoer det blir på foreldremøtet.
KONFIRMASJONSGUDSTENESTENE VÅREN 2023:
Halsnøy bedehus laurdag 29. april kl 11.00
Jørstad kyrkje sundag 30. april kl11.00
Talgje kyrkje sundag 30. april kl 11.00
Hesby kyrkje laurdag 6. mai kl 11.00
Fogn kyrkje laurdag 6. mai kl 11.00
Hesby kyrkje sundag 7. mai kl 11.00
Sjernarøy kyrkje sundag 7. mai kl 11.00
KVA KOSTAR DET?
Konfirmasjonstida har ein pris på kr 750. Dette inkluderar materiell, mat på samlingane, konfirmantbibelen, kost og losji på leir mm. Hvis du har problem med å betale avgifta, vil me hjelpa til med dette. Pris skal IKKJE vere eit hinder. Ta kontakt!
PÅMELDING
Trykk HER for å kome til påmeldinga.
LEIR
Vi reiser også på weekend eller leir. Vi ynskjer å gi deg gode opplevingar saman med venner og leiare.Den brukar å vere i februar og me drar til Furutangen leirstad på Randøy i Hjelmeland kommune med ei overnatting (normalt fredag til laurdag).
KONFIRMASJON OG DÅP
Er du ikkje døypt og lurer på om du likevel kan bli konfirmert i kyrkja? Klart du kan, og du er heller ikkje alene! Fleire ungdomar vert kvart år døypt i forkant av konfirmasjonen. Du får god informasjon på forhand og på sjølve dåpsdagen har du med deg dine næraste i ein fin seremoni.