Ungdomsalpha 2022


Ynskjer du å vite litt meir om kva det er å vera kristen? Og å reflektera litt over kva som er meininga med livet? Bli med på Ungdomsalpha!

Bildet hentet frå Pixabay

Onsdag 16. mars starte me opp nytt UngdomsAlpha-kurs! Siden det ikkje var kurs i vår, blir det denne gong både for dei som går i 10. og 1vgs. (NB! Oppstartsdatoen i januar er utsatt grunna koronasituasjonen. Endringar kan framleis skje, og blir opplyst om i artikkelen her.)

Kurset går onsdagar ifrå kl 19.15-21.15 Dei ifra øyane blir henta og kjørt til båtane. I tillegg blir det Alphaweekend 1.-3. april.

Kvelden startar med god kveldsmat/middag, før me har ein lek, lovsang og undervisning. Så avslutte me med at me går i grupper og snakkar litt om det me har lært.

Kurset passar for alle som kan tenkje seg å finne ut litt meir om kva det vil seie å vera kristen, og reflektera litt øve kva som kan ver meininga med livet. Og hvis du finn ut at du ikkje likar kurset, kan du sjølvsagt slutta kva tid som helst.

Kurset koster 100 kr.

PS: Det e ei utfordring å få det til å passe best mulig for alle pga rutetidene, men me kan prøve å tilpasse tida slik at det kan passe betre frå øyane. Meld deg på, så ser me!

Påmelding til Kjell Morten 47644234

Tilbake
Del