Babysong


Velkomen til babysong hausten 2022.

Bildet hentet frå Pixabay

Kyrkja i Finnøy inviterar til babysong på Finnøy bibliotek torsdag 8. september kl 12.00, og annankvar torsdag fram til og med 15. desember.

Dette er eit gratis trusopplæringstiltak for alle med babyer 0-1 år som bur i Finnøy kommunedel. Her senkar me skuldrene og fokuserar på kvalitetstid med babyen(e) vår(e) med reglar, song og musikk. Musikk er viktig for bornets motoriske, emosjonelle og sosiale utvikling. På babysong får bornet høve til å stimulera fleire sansar. Songstunda varer 30-45 min.

For å ha kontroll på kor monge me blir er det fint om du meldar deg på til bk623@kyrkja.no eller på sms til 90914358 om du ynskjer å delta:-)

Vel møtt! Gler meg til å helsa på dykk:-)

Tilbake

Del