Vil du bli Frivillig?


Har du lyst å bruke litt av tida di på noko meiningsfylt som gjer gjensidig glede?

Bildet hentet frå Pixabay

Kyrkja i Finnøy treng fleire frivillige på laget vårt. Våre frivillige er engasjert på fleire oppgåver, og der me treng fleire no er som kyrkjevert, nattverdsmedhjelpar og tekstlesar på gudstenestene i Hesby kyrkje. Du kan velje det som passar best for deg, og det blir 2-3 gonger pr halvår. Det er ikkje eit fastlåst system; det er lov å byta innbyrdes, og om det ikkje er mogleg å byte, så seier ein berre frå til kontoret at ein ikkje kan. 

Me vil også starta opp kyrkjekaffi etter gudstenestene på Hesby, og her trengs det fleire frivillige.

I tillegg har me frivillige som pyntar i kyrkja før gudstenestene, og som besøker eldre og jubilantar. Om du vil vere frivillig med desse oppgåvene er også det kjærkoment:-)

Me blir kjempeglad for å få deg med på laget, og gler oss til å høyre frå deg:-)  Meld deg på HER, og skriv gjerne litt om kva du vil bidra med:-) Eller du kan ringja/sende sms til ein av oss på kontoret, sjå HER.

Tilbake
Del