Babysong


Velkomen til babysong hausten 2021.

 

 

Photo by salid bel on Unsplash

Kyrkja i Finnøy inviterar til babysong på Finnøy bibliotek torsdag 9. september kl 11.30, og annankvar torsdag framover. 

Dette er eit gratis trusopplæringstiltak for alle med babyer 0-1 år som bur i Finnøy kommunedel. Her senkar me skuldrene og fokuserar på kvalitetstid med babyen(e) vår(e) med reglar, song og musikk. Musikk er viktig for bornets motoriske, emosjonelle og sosiale utvikling. På babysong får bornet høve til å stimulera fleire sansar. Songstunda varer 30-45 min.

Dette er vanlegvis eit drop-in tilbod, men grunna corona-pandemien vil med ha påmelding. Meld deg på til bk623@kyrkja.no eller på sms til 90914358. 

Vel møtt! Gler meg til å helsa på dykk:-)

Tilbake