Corona-restriksjonar


Kyrkja i Finnøy følgjer dei nasjonale og lokale retningslinjene som er gitt for å hindra spreiing av Covid-19 viruset, i tillegg til Den norske kyrkja sin eigen smittevernveiledar.

 

 

 

Bildet hentet frå Pixabay

Covid-19 viruset er framleis sterkt tilstades i landet vårt, og for Stavanger-området blei smittetrykket nokså høgt etter nyttår. Me fekk difor strenge lokale retningslinje gjeldande frå 31.12.2020 til 22.01.2021. Dei lokale retningslinjene blei bestemt vidareførde til 8. februar, men grunna nedgang i smittetal for Stavanger og kommunane rundt, fjernast dei strengare lokale forskriftane frå natt til 5. februar. Du kan lesa den gjeldande lokale forskrifta HER.

No er det dei nasjonale reglane me må forhalde oss til, og dei kan du lesa meir om HER

Den norske kyrkje har dessutan lage sin eigen smittevernveiledar som du kan lesa HER.  

Ut frå dei nye reglane gjeldande frå 23. februar har me no lov å arrangera fysiske gudstenester att med opptil 100 deltakare. Hos oss vil likevel storleiken på kyrkja avgjera kor mange det er plass til, og det varierar frå kyrkje til kyrkje.

Me gler oss til å kunna feira gudsteneste i kyrkjene våre att saman med fleire deltakare.

Ta kontakt med oss om du har spørsmål  - post.finnoy@kyrkja.no, eller ta kontakt med oss på telefon, sjå HER.

Me høyrer gjerne frå deg:-)

Tilbake