Ledig stillig i Open Hall


Me søkjer ein person til å driva tiltaket Open Hall. Er du engasjert i tilbodet til ungdom i Finnøy? Les meir om stillinga i artikkel og ta kontakt med oss.

 

Stavanger kirkelige fellesråd har nå ledig ei 10% stilling som ungdomsarbeidar i Open hall! 

Open hall er eit tilbod for ungdom frå 8. klasse i Finnøy fleirbrukshall ca. annan kvar fredag fra kl. 20-23. Der er det ballspel, biljard, bordtennis, kiosksal, andakt og ein treffstad der ungdommane kan sitja og snakka. Open hall er eit felles tilbod for Talgje, Sjernarøy og Hesby sokn.

I stillinga vil du vera tilstades når det er Open hall, og ha ansvar for organiseringa av tilbodet. Tiltaket er ein del av trusopplæringstilbodet i sokna.

Kvalifikasjonskrav: Gyldig politiattest, medlemsskap i DNK. Personleg egnethet vil bli tillagt.  

Søknad med cv sendes på mail til hs973@kyrkja.no

Søknadsfrist 15. des. 2021 Spørsmål om stillinga kan rettes til Heidi Bø Sangedal på tlf: 47010909

Tilbake