Corona-oppdatering


JIPPI, Noreg opnar opp att, og me kan leve (nesten) som før!

 

Bildet hentet frå Pixabay

Regjeringa har bestemd at Noreg skal opna opp att frå laurdag 25. september kl 16.00, og dei aller fleste reglar og restriksjonar med har levd med i nesten eit og eit halvt år er fjerna. 

Kyrkja i Finnøy kan frå no av gjennomføre arrangement som før pamdemien, men vil framleis ha handsprit lett tilgjengeleg i våre bygg for dei som ynskjer å halde fram med god hygiene. Me oppmodar framleis dei som er sjuke om å halde seg heime, og personar med koronasmitte skal vere i isolasjon. 

Me gler oss stort over å kunne ynskje alle velkomne utan målestokk og inndeling i kohortar:-)

TUSEN TAKK til alle som har vist stor tolmod i heile denne perioden og fulgt reglar og restriksjonar!

Gled gykk i Herren og jubla, de rettferdige! (Sal 32,11)

 

Tilbake