Vil du ha konsert i Hesby kyrkje?


Hesby sokneråd vil tradisjonen tro arrangera konsert i Hesby kyrkje som ein del av Tomatfestivalen, og oppmodar dei det kan vera aktuelt for å sende inn ein søknad.

 

Bildet hentet frå Pixabay

Tomatfestivalen på Finnøy går av stabelen 19. - 22. august 2021. Då er det tradisjon for at Hesby sokneråd arrangerar konsert i Hesby kyrkje på laurdagen. Dersom du/dykk ynskjer å halde konsert her laurdag 21. august, send nokre ord om kven de e, og kva slags musikk de spelar, så kan det hende det blir nettopp deg/dykk som får opptre i den flotte gamle kyrkja vår.

Send søknaden på mail til post.finnoy@kyrkja.no innan 1. mars.

 

Tilbake